U N I V E R S I T Y O F B E R G E N Digital Learning Communities
Digital Learning Communities
Telefon
Telefaks
Postadresse
Besøksadresse
Christiesgate 13
Bergen
side 1 av 7
PEK-prosjektet “Teach As We Preach”
Samandrag
“Teach As We Preach”-gruppa Rune Johan Krumsvik Kariane Westrheim Eva Sunde Ketil Langørgen Kristine Ludvigsen
Institutt for pedagogikk Det psykologiske fakultet Universitetet i Bergen
PEK-prosjektet “Teach as we preach”
2
PEK-prosjekt Teach As We Preach - digital kompetanse som ein del av lærarutdannaren si
profesjonelle utvikling” har vore i gong i lærarutdanninga i cirka to og eit halvt år. Bakgrunnen
for prosjektet var m.a. tufta på røynslene som vart trekt frå eit VideoPaper-prosjekt som
gjekk føre seg i fagmiljøet (pedagogikk i lærarutdanninga, UiB) mellom 2006-2008. Målet
med dette prosjektet var å fokusere på profesjonell utvikling og kollegabasert opplæring
med bruk av IKT som ein integrert del av utviklingsprosjektet. Det ein særskilt hadde fokus
mot her var å fokusere på korleis forbetre lærarutdannaren si undervising både i seminara
og under førelesingar på PPU. Ein hadde òg eit blikk mot korleis ein kunne bringe inn
multimodalitet i studentane sine pensumtekstar. Bruk av videoopptak var ein sentral del av
dette prosjektet og to publikasjonar vart publisert som VideoPaper (dvs. vitskaplege artiklar
som kombinerer tekst og autentiske videoopptak frå undervisingssituasjonar):
Smith, K. & Krumsvik, R. (2007). Video papers - a means for documenting practitioners'
reflections on practical experiences: The story of two teacher educators. Research in
Comparative and International Education, 2 (4), 272-282.
Krumsvik, R. & Smith, K. (2009). Video papers – an attempt to narrow the notorious gap
between theory and practise in Teacher Education. Special issue, Technology, Pedagogy and
Education. 3(18) 269-278,
Erfaringane frå dette prosjektet vart så lagt til grunn for det komande PEK-prosjektet, men
her vart fokuset retta meir inn mot IKT og digital kompetanseheving. Difor vart føremålet
med dette PEK-prosjektet korleis ein kan betre den digitale kompetansen blant dei som
underviser i lærarutdanninga (og andre tilsette ved UiB), samt utvikle teoretiske- og
PEK-prosjektet “Teach as we preach”
3
didaktiske modellar for bruk av IKT i undervisninga ved Universitetet i Bergen.
Prosjektgruppa for dette prosjketet har bestått av Eva Sunde, Ketil Langørgen, Kariane
Westrheim og Rune J. Krumsvik, og alle i gruppa har gjort dette som ein del av si
profesjonelle utvikling. Difor har prosjektet gått i “bølgjer” – tidvis har vi hatt hyppige
samlingar – i andre periode har det vore sjeldnare. Sidan prosjektet er noko som blir gjort
“på toppen” av alt anna og har vore relativt lite i omfang, var det naturleg å vere ei lita
gruppe og heller over tid fylgje “ringer i vatn”-prinsippet. Det har primært vore eit
utviklingsprosjekt, men har òg hatt ein liten forskingsdel integrert i seg (basert på dei tilsette
sin forskingsdel i stillingane sine). Denne forskingsdelen har vore tufta på Design Based
Research (Design Based Research Collective 2003) der nokre intervensjonar har vore prøvd
ut under utviklingsprosjektet. Vi har hatt ei rekkje møter, workshop's og internseminar i
gruppa i løpet av denne perioden og tidvis har ein òg invitert inn alle i fagmiljøet til slike
internseminar. Prosjektet er utvikla med bakgrunn i nyare styringsdokument, med særskilt
fokus på:
• Relevans i forhold til Kvalitetsreforma (UFD 2003): 1) Nye undervisingsformer 2)
Følgje opp studentevalueringar 3) Etter-vidareutdanning for vitskapleg tilsette
• Relevans i forhold til NOKUT (2006) si nasjonale evaluering av lærarutdanninga: 1)
Behovet for praksisnær undervising 2) Heve lærarutdannarar sin kompetanse på
nokre felt
• Relevans i høve til LK06 (KD 2006): 1) Bruk av digitale verkty som den femte
basiskompetanse i alle fag på alle årstrinn
• Relevans i forhold til NIFU Step (2007) si evaluering om lærarutdannarar sin digitale
kompetanse: 1) Gap mellom lærarutdanning og praksisfelt 2) Låg digital kompetanse
blant lærarutdannarar
• Relevans i forhold til ITU-Monitor (2007, 2009) sin nasjonale survey: 1) 3 av 4 lærarar
i skulen manglar tilstrekkelig digital kompetanse 2) Lærarutdanninga legg for lite
vekt på IKT og digital kompetanse for lærarstudentane.
• Relevans i forhold til Stortingsmelding nr. 11(2008-2009, Læraren, Rollen og
Lærarutdanninga, LK06 (KD 2006): 1) Bruk av digitale verkty som den femte
basiskompetanse 2) pedagogikkfaget i GLU er ansvarleg for dei grunnleggande
ferdigheitene
• I tillegg hadde studentorganisasjonane i Noreg i 2011 ei kampanje som setje søkjelys
undervising og studiekvalitet i høgare utdanning (sjå illustrasjon frå denne
kampanjen under).
PEK-prosjektet “Teach as we preach”
4
PEK-prosjektet har òg lagt vekt på relevant teori og forsking knyta til utvikling av digital
kompetanse blant lærarutdannarar (og andre faggrupper) basert på nasjonale og
internasjonale publikasjonar (t.d. Erstad 2005; Krumsvik 2006b; Kirschner, Twidle, Sorensen,
Childs, Godwin and Dussart (2006); Wubbels & Brekelmans, 2008). Sidan fleire av desse
studiane viser at lærarutdanningar internasjonalt har hatt lite fokus på dette området, samt
har kome relativt kort i si pedagogiske tenking rundt IKT i undervising, har det vore eit mål i
PEK-prosjektet å òg trekkje vekslar på praksisfeltet sin pedagogiske bruk av IKT. Difor har
samarbeid med skular òg vore ein viktig del av dette PEK-prosjektet. Ei anna side ved dette
har vore å trekkje vekslar frå andre fagstudium ved UiB som har relevans for
lærarutdanning (t.d. ved å studere IKT i plenumsførelesingar som fenomen på
bachelorstudium i psykologi og pedagogikk, har dette gitt nyttig input i høve til
plenumsførelesingar i lærarutdanninga). Dette er delvis også gjort fordi pedagogikkdelen i
lærarutdanninga har ein intensiv og avgrensa undervisingsperiode kombinert med relativt
lite IKT-bruk, som gjer det tidvis vanskeleg å få tilgang og studere alle dei fenomen vi har
vore opptekne av. Intensjonen med å òg studere andre fag er at vi legg til grunn at det er stor
overføringsverdi mellom fag, førelesingar og seminar rundt IKT og digital
kompetanseheving ved UiB.
Første del av prosjektet vart gjennomført i 2008/2009 og la særskild vekt på korleis ein kan
nytte digitale verkty i plenumsførelesingar i lærarutdanninga (dette for å ha eit avgrensa,
realistisk fokus, samt for å prøve å forbetre plenumsførelesingane). Enkel innføring i bruk av
presentasjonsverkty, samt kollegabasert støtte vart vektlagt i denne fasa. For å få med
studentane sine stemmer vart også dei trekt med i prosessen rundt feedback1 til
gruppemedlemmane og på denne måten fekk ein fram eit meir heilskapleg bilete om “kvar
1 Her nytta vi både ”Live survey” (feedback via audience response system) under førelesingane og survey via Mi
Side (feed forward) for å få lærarstudentane si vurdering av intervensjonane.
PEK-prosjektet “Teach as we preach”
5
skoen trykte”, samt kva som var bra. Det vart òg kjøpt inn ein del digitale verkty i denne fasa
(software, hardware, ARS) t.d. for å kunne prøve ut nye måtar for formativ vurdering under
og etter plenumsførelesingar.
Andre del 2009/2010 la vekt på å bygge vidare på erfaringane frå første fasa og knyte dette
meir inn i ei didaktisk tenking. Difor fekk dei involverte på gruppa introdusert og prøvd ut
ein ny digital didaktikkmodell (Krumsvik & Almås 2009) som eit planleggingsverkty for
undervisinga. Erfaringar vart løfta fram og drøfta i gruppa. Røynsler frå denne delen blei
presentert på ein nordisk pedagogikk-konferanse (NERA) i 2009. I denne perioden vart det
òg supplert med innkjøp av nokre digitale verkty (software, hardware), samt at ein hadde
ein vitskaplege assistent, Kristine Ludvigsen, i ei delstilling som støttefunksjon i prosjektet.
Vi har her lagt vekt på at denne vitskaplege assistenten har hatt høg digital kompetanse sjølv
og gjennom denne perioden har ein brukt PEK-midlar for at ho skal få delta på kurs, kjøpe
relevant programvare, og liknande for å heve sin kompetanse innanfor datastøtta
analyseverkty som t.d. SPSS, Nvivo, VideoPaper, og liknande. Dette for at ho i neste omgang
skal vere ei støtte i fagmiljøa rundt bruk av digitale verktøy ved å halde internseminar og å
drive kollegabasert opplæring.
Det kan òg nemnast at det i 2009/2010 vart det òg teke eit initiativ på tvers av heile
fagmiljøet i høve til å ta i bruk læringsplattforma It’s Learning, slik at ein kunne førebu
studentane på det digitale verktyet praksisskulane nytta mest, samt at ein kunne prøve å
heve den digitale kompetansen i fagmiljøet vårt. Vi fekk difor 220 gratis lisensar i skuleåret
2009/2010 til utprøving både blant studentar og lærarutdannarar og det vart gjennomført ei
enkel kursing i It’s Learning både blant studentar og tilsette.
Tredje del av PEK-prosjektet vart planlagt for perioden 2010/2011 og her har m.a. gruppa
lagt vekt på å formidle erfaringar frå prosjektet så langt ved å prøve å publisere ein artikkel
PEK-prosjektet “Teach as we preach”
6
saman. Det andre vi ønskjer gjennomført i denne fasa er å dele erfaringar med kollegaer i
lærarutdanninga (pedagogikkdelen) gjennom ei miniseminarrekke vår/haust 2011, der både
prosjektgruppa og den vitskaplege assistenten har vore hovudansvarlege for dette.
Erfaringane så langt har bore preg av både interessante moglegheiter, utfordringar og
dillemma når ein arbeider med denne type utviklingsprosjekt. Vi kan seie at prosjektgruppa
har etablert ein kultur for deling og refleksjon over bruk av digitale verktøy som kan gi ein
vinst i tida framover dersom ein får realisert ein del mål vi har sett oss i prosjektet.
Alle desse ”ups and downs” i prosjektet har mellom anna vore presentert under ”Utstein
seminaret 2009” der både høgskular, universitet og skuleigarar var representert med
lærarutdannarar og andre tilsette. Det har òg vore interne seminar ved UiB der førebels funn
har vorte presentert for kollegaer ved HF-fakultetet, ved SiU og delvis på den årlege
lærarutdanningskonferansen ved UiB (2009). Førebelse erfaringar og funn har òg vore
presentert under “NORDITEL-konferansen 2010” (Sverige, som hadde fokus på
lærarutdannaren sin digitale kompetanse), med eitt paper under forskingskonferansen
NERA 2008 i København, og eitt paper under NERA 2009 i Trondheim der alle i PEK-gruppa
deltok. Det vart halde foredrag om prosjektet under den nasjonale konferansen ”Kvalitet i
fleksibel høgre utdanning” på Lillehammer og den nasjonale UiB-konferansen ”Store
forventninger: Hvordan vet vi at studentene har fått det forventede læringsutbyttet?” våren 2013.
Det har vorte arbeidd vidare med det nemnte paperet med tanke på publisering av
vitskapleg artikkel og denne vart publisert våren 2012 i det vitskaplege tidsskriftet Högre
Utbildning (Krumsvik, Westrheim, Sunde & Langørgen 2012). I tillegg er det publisert tre
artiklar som har tilknyting til dette PEK-prosjektet:
Krumsvik, R. & Almås, A.G. (2009). The Digital Didactic. In, R. Krumsvik (ed.), Learning in the Network Society and Digitized School. New York: Nova Science Publishers.
Krumsvik, R. (In press). Feedback clickers in plenary lectures - a new tool for formative assessment? In
L. Rowan & P. Bigum, Future Proofing Education: Transformative approaches to new technologies and
student diversity in futures oriented classrooms. London: Springer.
Krumsvik, R. & Ludvigsen, K. (2012). Formative e-assessment and learning outcome in higher
education. Nordic Journal of Digital Literacy 1(6), 36-54.
Krumsvik, R., Westrheim, K., Sunde, E. & Langørgen. K. (2012). "Teach as we preach" -
lærerutdannerens digitale kompetanse. Högre Utbildning, 2(2), 93-108
PEK-prosjektet “Teach as we preach”
7
I tida framover ønskjer ein å dra med våre erfaringar og legge vekt på miniseminar der både
konkret bruk av digitale verkty blir presentert (“hands on”-fokus) og drøfta, slik at ein kan
legge til rette for ei vidare digital kompetanseheving i fagmiljøet ved kollegabasert
opplæring og etter ”ringar i vatn”-prinsippet. Som ein del av dette ønskjer ein også tidvis å
ha fokus mot ein meir substansiell didaktisk og etisk refleksjon rundt bruk av digitale verkty
i førelesingar, seminar og i praksis (“heads-on”-fokus). Difor vil vi ein gong i månaden
arrangere slike miniseminar for tilsette i fagmiljøet, der dei som vil kan delta. For at dette
skal vere mogleg å få til vil vi halde fram med å søkje nye PEK-midlar, slik at vi kan
vidareføre dette utviklingsprosjektet.